• Sylvelin Hege Sevilhaug

    Sivilingeniør, musikkvitar og pedagog, trompetist, bukkhornist og formidlar.

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    Foto: Astrid Selling
  • Om Sylvelin Hege

    Bakgrunn

    Sylvelin Hege er fødd i 1966 i fjellbygda Lom, og bur no i Larvik på eit lite småbruk. Ho er sivilingeniør, musikkvitar, lektor, spelpedagog, trompetist og formidlar. Tidligare har ho vore prosjektleiar innan forsking og teknologiutvikling i prosessindustrien, der ho òg jobba som opplæringsleiar. Sylvelin Hege har jobba med kulturprosjekt, med undervisning og som formidlar i den kulturelle skulesekken. I meir enn eit tiår har ho vore lærar i vidaregåande skule, noko som har gjeve stor innsikt i kva som trengs for å lage god og engasjerande læring. No arbeider Sylvelin Hege i Camelot Escape Room AS med å utvikle spel, i tillegg til at ho held kurs og skriv. Sylvelin Hege er idérik, løysingsorientert og likar utfordringar. Og ho brenn for nordisk samarbeid og kulturutveksling!

    Interesser og pasjon

    Sylvelin bruker mykje av tida på å spele musikk, og dette er ein svært viktig del av livet hennar. Ho er oppteken av kva vi kan finne ut om korleis musikken var i tidlegare tider, og ho er glad i dei eldste instrumenta. Men kva gjer musikken med oss, kvifor har musikk betydd så mykje for menneska til alle tider? Korleis påverkar klangen og rytmen oss, og kva hender når vi improviserer saman? Kreativitet og flyt - kan vi dra nytte av noko av dette i samband med læring? Dette er noko av det Sylvelin vil utforske i prosjekta sine!