• Musikkaktivitetar

    broken image

    Goplegroove

    Kvar sommar sidan 2011 har eg arrangert minifestivalen Goplegroove på Gopledal ved Farris i Larvik. Her møtast vi til intenst samspel, før vi inviterer publikum inn til musikk og god mat laurdag kveld. Dette har vore ei stor kjelde til musikalsk påfyll og inspirasjon for meg, og har gjeve meg mykje glede og energi. Fast musikalsk drivkraft gjennom alle desse åra har vore Mathilde Grooss Viddal.

    Foto: Stan Williams

    Sommarkurs

    Sommarkursa med jazzimprovisasjon har vore viktige for meg. Eg har delteke fleire gonger på Blekinge Jazz & World, Jazzimpro-kurset i Søgne, Sommarkurs i storband og INFI-camp (INFI=International Network for Female Instrumentalists).

    Trompetlærarar eg har hatt på desse kursa har vore Eckhard Baur, Mathias Eick, Ingrid Jensen (CA/US), Hayden Powell, Torgrim Sollid og Hildegunn Øiseth.

    broken image

    Norsk lur- og bukkehornlag

    Som ivrig bukkhornist og lurblåsar er eg naturligvis med i Norsk lur- og bukkehornlag. Her frå samling på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

    Folkemusikk og jazz

    Eg spelar musikk frå mange sjangrar, men mest folkemusikk og jazz. Folketonen eg spelar her er arrangert av Mathilde Grooss-Viddal.

    Foto: Sylvelin Hege Sevilhaug

    broken image

    Lyden av seterliv

    Med meg på seterinstrument som lur, bukkehorn og fløyter og Karolina Westling som lokkar og speler fele, tek vi tilhøyrarane med inn i livet på setra - med villdyr og hulder, men òg tid til ein kaffitår.

    Foto: Geir Nordbotten

  •  

     

         

    Stage One

             Big Band

     

    Vi spelar variert storbandmusikk, til fest, bryllaup, jubileum og dansetilstellingar. Vi øver på Nøtterøy.

     

     

     

                

             Motwind

     

    Eit prosjektbasert band med blåsarar og vokal som spelar musikk med norsk og internasjonal inspirasjon.

     

     

              

              Tiljetoner

     

    Vi spelar folkemusikk, og nyttar instrument som neverlur, seljefløyter og bukkehorn.

     

     

     

     

     

     

    Kantlåt

     

    Gruppa spelar musikk frå Setesdalen i vest til Uralfjella i aust, og har alltid mange spesielle instrument på konsertane!

     

     

    Sangen om den blå ballongen

    Tiomnaya Noch

    Eg elskar stolen

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    STATION JAM

     

     

    Dette er ei gruppe med kontrabass, gitar, fløyte og trompet. Vi spelar jazz med innslag av folkemusikk.

     

     

     

     

     

    Triola

     
    Trioen spela melodiøs og vakker musikk, gjerne i samarbeid med andre som i eksempla under.

     

    Triola, Susan og Shakespeare

     

     

    Triola, Susan og

    Lady Lairne